Hasundgot IL

Siste nytt

G9: Miniturnering i Gjerdsvika

Det vart både siger, poengdeling og tap under helgas miniturnering.

Denne helga har G9 vore på miniturnering i Gjerdsvika. I løpet av turneringa møtte dei tre lag; Hødd, Hareid og Gurskøy.

Medan det vart eit knipent tap mot Gurksøy vart det uavgjort mot Hareid og siger over kommunerivalen Hødd.

Ei flott fotballhelg, med flinke Hasundgot-gutar!