Hasundgot IL

Siste nytt

Perfekt dag med draktlansering

Under onsdagens kamp mot Vanylven FK vart Hasundgots nye draktkolleksjon vist fram.

Til markeringa vart både utstyrsleverandør og draktsponsorar inviterte til ei hyggjeleg markering av den nye Hasundgot-drakta.

Av draktsponsorar møtte Lise Antonsen Ulstein (Tussa), Ellen Kvalsund (Sparebanken Møre), Kjetil Sundal (Kleven) og Terje Risvik  (Macron). I tillegg kom også Tare for å lage ekstra engasjement blant dei yngste.

Byggi Ulsteinvik, Spar og Hydrapipe hadde dessverre ikkje høve til å vere til stades då lagbilete med sponsorane blei teke.

Både før og under kampen var stadion farge i raudt og kvitt av dei aldersbestemte laga som sprang rundt i dei nye heimedraktene. For aller første gong vart også ei heilt ekslusiv bortedrakt, som vil bli nytta av senior- og juniorlaget, vist fram. Sjå bilete av denne drakta lenger nede i saka.

Kvelden fekk også ei fin avslutning då Hasundgots a-lag snudde 0-1 til 2-1 mot serietoar Vanylven. Ein perfekt måte å markere starten på dei nye Hasundgot-draktene!

Vi takkar alle støttespelarar takk for innsatsen i arbeidet med å få på plass dei nye Hasundgot-draktene, og vi ser fram til eit vidare godt samarbeid i tida som kjem.

Bilete frå draktlanseringa: