Hasundgot IL

Siste nytt

J9: Målkalas i flunkande nye drakter

Det gjekk svært bra i J9 sin første kamp i nye drakter.

I desse tider held laga i Hasundgot IL på å få utlevert nye drakter frå Macron, og tysdag spelte J9 sin aller første kamp i det nye draktsettet.

Det enda med ein skikkeleg målfest.

Heime mot Spjelkavik vart det heilt 12 mål i kampen, der Hasundgot vann med flotte 8-4 over laget frå andre sida av fjorden.

Ei flott ramme både før, under og etter kamp – med viktig energipåfyll av frukt i pausen.

Fleire bilete frå kampen mot Spjelkavik:

(Innsendte foto: Mats Bigset)