Hasundgot IL

Siste nytt

16. mai-kampen mot Hareid 2 vert flytta

Då Sunnmøre Fotballkrets sette opp kampoppsettet for årets sesong, vart det lagt opp til ein svært spanande kamp på sjølvaste 16. mai; Hasundgot – Hareid II.

Av ulike grunnar har no denne kampen blitt flytta til 27. juni.

Det vil seie at Hasundgot sin neste seriekamp er borte mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken2 den 23. mai.

I mellomtida vil seniorlaget vurdere andre metodar til å få kamptrening. Mellom anna kan det bli aktuelt med ein internkamp mot juniorlaget, som heller ikkje har kamp igjen før 21. mai etter kveldens kamp mot Stranda.

Ein slik kamp vil bli annonsert ved eit seinare høve, for dei som måtte ønskje å sjå dei to laga i aksjon.