Hasundgot IL

Siste nytt

Kjempa seg til siger mot Åmdal

Til tross for å ha lege under med to mål, snudde herrelaget tap til siger i årets tredje treningskamp.

Om lag 20 tilskodarar hadde funne vegen til iskalde Hasundgot stadion, der Åmdal kom på besøk til herrelagets tredje treningskamp denne vinteren.

Det var ikkje mange høgdepunkta å ta med seg i den første omgangen, men begge lag skapte nokre halvskumle sjansar kvar.

Kampens første scoring kom til gjestene heilt på tampen før pause, etter at det opna seg rom på Hasundgots venstre side. Avslutninga sat akkurat innanfor stolpen til høgre for keeper.

Åmdal sette også inn 2-0 rett etter sidebytet, men Hasundgot skulle kome kraftigare tilbake.

Ruben Muren fekk sjansen frå krittmerket, og tok godt vare på den sjansen. Spissen sette ballen kontant i målet.

Og ikkje mange minutta etter stod det 2-2 på (den metaforiske) måltavla, for same mann serverte like så godt Joakim Gustavsen som fekk lurt inn utlikninga.

Dette var derimot kampen det verkeleg skulle bølge fram og tilbake, for bortelaget tok på nytt leiinga etter å ha tråkla seg gjennom forsvaret og banka ballen opp i nettaket.

Det ville derimot ikkje kaptein Ruben ha noko av, og sette like så greitt inn sitt andre for kvelden med eit velplassert skot i det lengste hjørnet.

Og då det såg ut som at det skulle ebbe ut i eit uavgjortresultat, sikra Hasundgot seg sigeren då Sebastian M. Kleven stakk fram hovudet på eit innlegg og nikka inn 4-3 for dei kvitkledde.

Sjølv om det var ein kamp der ikke alt fungerte optimalt, tek trenarane med seg fire scoringar og ein ny siger i vinteroppkøyringa.

No vert det i utgangspunktet to veker «kamppause», med mindre det skulle dukke opp noko i løpet av neste veke.

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Åmdal 4-3 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 20 tilsk
Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg
Mål HIL: Ruben Muren (2), Joakim Gustavsen, Sebastian M. Kleven

HIL (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Ivar Aadland, Simon Spjutøy, Bjørn Inge Tenfjord – Joakim Gustavsen, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven – Ruben Muren, Cato Veien

Innbytarar: Kim Hansen, Truls Sørnes, Isak Sundgot, Sander Gjerde, Daniel R. Skeide, Marius Vartdal, Svein Eirik Ertesvåg, Jørgen Kleiven, Mats Bigset