Hasundgot IL

Siste nytt

Slik blir kampdagane i 2018

Sunnmøre Fotballkrets (SFK) har bestemt å vidareføre kampdagane frå årets sesong til å gjelde også i 2018.

Dette er først og fremst på grunn av dommarkapasiteten, skriv SFK på si heimeside.

Samtidig legg SFK vekt på at det framleis vil bli mogeleg å søkje om omberamming av kampar dersom dette skulle vere aktuelt.

For Hasundgot sitt seniorlag sin del, vil dette bety at kampane vil halde fram onsdagane.

Kampdagar for senior- og ungdomsklasser sesongen 2018:

Måndag: G19 og J16
Tysdag: 7ar senior, G14 og J13
Onsdag: 3. div. kvinner, 6. div. menn og J14
Torsdag: 4. div. kvinner, 5. div. menn og G13
Fredag: 4. div. menn og G16