Hasundgot IL

Siste nytt

Klubbkveld måndag 11. desember

Måndag 11. desember vil alle medlemmer i Hasundgot IL få høve til å prøve og bestille ny kolleksjon frå vår nye samarbeidspartnar Macron.

Elisabeth Almås Risvik frå Macron, avd. Ålesund, vil kome til Hasundgots klubbhus for å vise fram den nye kolleksjonen – og frå klokka 19:00 vil ein kunne få både sjå og prøve ulike modellar.

Klikk her for å sjå utdrag frå neste års klubbkolleksjon: Kolleksjon Hasundgot IL

– Vi kjem med prøver i ulike storleikar frå kolleksjonen til Hasundgot slik at medlemmene kan få kjenne og prøve. Vi tek med bestillingslister slik at folk kan få bestille varer denne kvelden, og vi tek med bankterminal slik at varene kan betalast der og då, seier Risvik.

Ettersom Hasundgot IL frå og med 2018-sesongen ikkje lenger kjem til å ha Umbro som utstyrsleverandør, oppmodar vi alle som vil fornye treningstøyet om å ta turen innom klubbhuset for å ta ein titt på produkta til Macron.

Dette kan kanskje også vere ei fin julegåve? Velkomne skal de vere!

KLUBBKVELD:

Dag: Måndag 11. desember
Tidspunkt: 19:00 – ca. 21.00
Stad: Hasundgot klubbhus