Hasundgot IL

Siste nytt

Ny spelar klar for Hasundgot

Tidlegare Hareid-spelar har signert for klubben.

Tysdag vart det klart at Ivar Andrè Aadland melder overgang til klubben frå Flø IL, som denne sesongen spelar 7’ar-fotball mot høvesvis Bergsøy 3, Hareid 3 og Fiskarstrand Hotboyz.

Ivar, som opphaveleg er frå Bømlo, har også ei fortid frå Hareid IL og står ifølgje klubbens aldelskalender med 46 a-lagskampar. Der har han scora fem mål.

Hasundgots nysignering kan spele i fleire posisjonar, har både gode tekniske ferdigheiter og speleforståing.

Sidan papirarbeidet har gått gjennom hos Sunnmøre fotballkrets er han også aktuell til haustens første seriekamp på onsdag når vi tek imot Tjørvåg på heimebane.

Vi ønskjer Ivar hjarteleg velkomen til Hasundgot!