Hasundgot IL

Siste nytt

Solid siger mot Moltustranda

På ei tøff grasbane vart det ein storstilt siger – og årets første smultring!

Sjølv om det ryktast at Moltustranda hadde latt vere å klippe graset før kampen for å halde tempoet i kampen nede, vart det ein solid kamp av Hasundgot i nabokommunen.

Etter ei periode med tilvenning til eit grasunderlag, byrja måla å renne inn. Venstrekant Joakim Skarbø sørgja for kampens første med ein susar, som small inn i målet heilt nede ved stolperota.

Deretter trygga Cato Veien og Ruben Muren leiinga med ei scoring kvar, før ei ny kanonkule frå Skarbø sørgja for 4-0 på kort tid.

Like før pause varta Sebastian Moldskred Kleven opp med ein glitrande soloprestasjon, og fastsette pauseresultatet til 5-0.

Trenar Lars Breivik gjorde fleire byter i pausen for å få inn endå sultne spelarar, og dette gav også resultat.

Éin av innbyterane, Martin Gjerde, teikna seg to gonger på scoringslista. Mellom desse to scoringane var også Nicolai Haddal Molvær lysten på ei scoringa, og stod bak 7-0-målet.

I alt vart det altså åtte mål rett veg, og for første gong i år vart det heller ingen baklengs. Ein solid prestasjon, både offensivt og defensivt. Med unntak av nokre halvsjansar som ikkje var nemneverdig farlege, hadde den bakre firaren full kontroll på det vertane på Munkvoll hadde å kome med.

Hasundgot klatrar derfor opp til topp fem før vårsesongens siste kamp mot Sæbø neste veke.

KAMPFAKTA

6.-divisjon, avd. 2
Moltustranda – Hasundgot 0-8 (0-5)
Munkvoll stadion
MÅL: Joakim Skarbø (2), Cato Veien, Ruben Muren, Nicolai H. Molvær, Martin Gjerde (2)
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, Hødd

Laget (4-5-1): Joakim Rødven – Arve Vestnes, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Marius Muren – Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Mats Bigset, Ruben Muren, Joakim Skarbø – Cato Veien

Innbytarar: Sander Gjerde, Martin Gjerde, Svein Eirik S. Ertesvåg, Marius Vartdal