Hasundgot IL

Siste nytt

Brukarundersøking av Hasundgot.no

Det er over tre månadar sidan vi lanserte den nye hasundgot.no-sida vår. Per 27. mai har nettsida fått om lag 75.000 klikk, fordelt på 68 artiklar og 25 sider.

For å lære meir om korleis lesarane våre opplever innhaldet og måten nettsida er bygd opp på, håper vi at så mange som mogeleg kan setje av nokre minutt til å svare på brukarundrersøkinga som ligg lenger nede.

Vi ønskjer å tilby eit best mogeleg produkt til dei som er interesserte i av Hasundgot, og no som mange kanskje har blitt kjende med nettsida vår ønskjer vi at lesarane våre skal kunne bidra til å gjere nettsida endå betre enn i dag.

Undersøkinga er på berre 11 spørsmål, så det er fort gjort å trykkje seg gjennom 🙂

Spørreundersøkinga er no stengd for svar. Takk til alle som bidrog!

Om du ønskjer å bidra på hasundgot.no, kan du gjerne ta kontakt med oss.

4 thoughts on “Brukarundersøking av Hasundgot.no

  1. Dokke er flinke i Hasundgot IL
    Mange frivillege står på år etter år. Utan dokke ville det vere lite
    aktivitetar retta mot born og unge i krinsen.
    Tusen takk.
    Flott undersøking !
    Men litt «hopping» fram og tilbake under utfyllinga….

    Helsing ei farmor

  2. Hva med å ha en klubbfotograf og legge ut bilder/video på Flickr? Sandviken IL, Trondheims-Ørn og mange andre gjør dette i dag. Kan jo fylle på hos Facebok sida også.

    1. Hei Ola,
      Ein klubbfotograf er noko som har vore ettertrakta i lang tid, og som vi håper at det er noko vi kan få til på sikt.

Comments are closed.