Hasundgot IL

Siste nytt

Juniorlaget får mange turar til Ålesund

Hasundgot G19 gjer seg klare til 3.divisjon, med berre éin motstandar frå Søre Sunnmøre.

I fjor vart det dessverre ikkje meld på lag i juniorklassen, men denne våren har hovudtrenar Joakim Skarbø fått fart på laget igjen. Skarbø og co kan derimot vente seg mykje reising i våren som kjem.

Vårens tredjedivisjon består nemleg av berre to lag frå Søre Sunnmøre, medan resten av laga kjem frå Ålesund og Omegn. Berre Hjørungavåg 9-ar er frå dei sju kommunene på Søre.

Dei andre laga held til i høvesvis Ålesund (2), Sula, Skodje, Haram, Giske og Sykkylven.

Hasundgot serieopnar borte mot Aksla 18. april, og spelar første heimekamp heime mot Godøy 24. april. Første lokaloppgjer mot Hjørungavåg er sett opp 4. juni på Hasundgot kunstgras – det er berre å notere ned datoen med ein gong! 🙂

Slik blir vårsesongen for G19 3.-divisjon:

  • Aksla 9-er
  • Brattvåg
  • FK Sykkylven 2
  • Godøy GOGIVI
  • Hasundgot
  • Hjørungavåg 9-er
  • MSIL 9er
  • Skodje 9-er
  • Spjelkavik 2