Infomøte for trenere og lagledere

Klikk på bilde
Klikk på bilde

I dag, tirsdag 23. april -13, hadde fotballgruppa 2 samlinger x 2 timer for alle lagledere og trenere i Hasundgot-fotball. Både Leif Arne Mork (leder-fotball) og Arne Heltne (sportslig leder) hadde praktiske orienteringer og konstruktive innlegg. Både nye og erfarne i gruppa fekk felles orientering før sesongstart.

Det blir sett stor pris på det "arbeidet" som bl.a denne gjengen legger ned som frivillig i Hasundgot IL. Dette er kjernen blandt dei som driver idrettslaget i det daglige, og gjer det mulig for alle barna og ungdomen å drive med sunn og aktiv fotball i krisen.

Tusen takk til alle frivillige, på vegne av alle føresette, og lykke til med 2013 sesongen.

Bildet er frå første samlingen, som representerer dei frå 12 år og nedover.

Leif Arne var fornøgd med gode møte/kurs fasiliteter i eit nyoppusset klubbhus på Hasundgot :)

mvh Leder HIL

Fotballsesongen er no igang

 

 Trykk på spiller for vår fotball-kalender ang info om alle kamper på stadion


N
B: Åpen kiosk på alle våre heimekampar

.

Ny oppusset klubbhus

 

Heile hovedetg er no ferdig oppusset.....og dette vart bra :)
Takk til alle som deltok, på dugnader etc....

Som dere ser fra bilder er alle rom oppusset, samt det er blitt innkjøpt masse nytt kjøkken utstyr, nytt musikkanlegg, prosjektor m/ lerret etc....

Spre nyheten om kjempe fine lokaler til leie, for barneselskap,komfirmasjon,barnedår,bursdager,kurs og firmamøter......

Link for leie:TRYKK HER

 

 

Treningsleir i Stryn

NB: Arkivfoto
NB: Arkivfoto

Forrige helg var Hasundgot i Stryn der vi gjennomførte treningshelg med kamp mot Loen. Dette vart ei flott helg som freistar til gjenntaking!

Vi reiste i samla flokk frå Straumane etter jobb fredag og møttes til trening på Stryn kunstgras kl 1830. Vi gjennomførte ei god fin økt, der det er surt å innrømme at youngboys nok var overlegne oldboys.

Etter trening fordelte youngboys og oldboys seg på kvar si hytte, der youngboys vart oppvarta av Eldar, medan Idar tok godt vare på oldboys. Maten var utmerket og steminga god, og utrykket «kaffikarbonade» vert nok hengande på Mats ei stund…

Det vart likevel tidleg kveld for alt 1000 laurdag morgon var det klart for økt nr 2. Dette blei ei roleg økt med tanke på at vi skulle møte Loen på ettermiddagen.

Kampen mot Loen vart ei fin gjennomkøyring for oss. Det var ein del slitne bein sidan dette var den 3 økta på 20 timar, men det skulle likevel vere Loen som skulle bli mest slitne i løpet av kampen. Vi viste lite om Loen før kampen anna enn at dei hadde rykt opp til 5.div før denne sesongen. Kampen var ganske jamn dei fyste minutta. Loen var eit hard men fair spelande lag som var veldig direkte i spelestilen. Vi tek kommandoen og får 1-0 ved Kjetil som spring seg fint fri på ein corner og scorar sikkert. Etter dette er det mykje duellar. Etter eit balltap på midten slår Loen ballen raskt mellom stopparane våre og Loen sin spiss scorar sikkert til 1-1 aleine med Joakim. Herifrå og ut er vi det klart førande laget. Loen har brent mykje krut og blir meir og meir på etterskot. Vi får 2-1 ved Trond direkte på frispark før Tore bankar ei klarering etter ein corner inn på volley. Trond viste så prov på snøggleik frå yngre dagar da han blir vakkert spelt igjennom aleine med keeper og scorar sikkert. Vi scorar også eit 5 mål før pause. Ruben spelar ein vakker stikkar igjennom til Alexander som scorar sikkert.

Etter pause er vi enda meir dominerande enn før. Lars Tore, Kjetil, Ole Magnus og Tore aukar på til 9-1 før Mats avsluttar det heile på eit vakkert angrep der Mats startar det heile langt inn på eigen halvdel og er med fram og avsluttar aleine med keeper. I denne omgangen er det klasseforskjell på laga. Vi er likevel noko slurvete i midtperiode og da har Loen 3-4 sjansar der eit par er store. Heldigvis for oss var Joakim både våke og god.

Etter kampen var det ein lystig gjeng som reiste tilbake til hyttene der vertskapet varte opp med nydleg grillmat før karane kosa seg til ut i dei seine nattestimane…

Hasundgot IL og Sportssenterert
Inviterer til klubbkveld på
Hasundgot klubbhus
Tirsdag 16. april kl 1700-1900

Sportssenteret har då med den siste kolleksjonen fra Umbro, samt utvalg av anna utstyr/bekledning

I tillegg vil der vere representant frå Umbro for veiledning og råd.

Håper at alle som ønsker det nytter seg av denne muligheita.

Under er ei oversikt over noko av det som er ekstra rabbatert denne kvelden.

Ber om at alle lagleiarar videresender denne informasjonen til alle spelarar og støtteapparat snarast råd.

Løp og kjøp :-)                 Trykk her for tilbud


1

HOVEDSPONSOR

 .                   SPAREBANKEN MØRE
. SPAREBANKEN MØRE

Sponsorar

      

            

          

 

        

             

           

               

           

Hasundgot Idrettslag  |  6065 Ulsteinvik  |  post@hasundgot.no